HeimInformasjon til publikum og legar
 
 
Møre Smerteklinikk er ein spesialistprak- sis i smertemedisin / anestesiologi. Eg har som anestesilege offentleg driftsavtale med Helse Midt Norge for smerteklinikk- verksemd med trygderefusjon ein dag i veka. Smerteklinikken er såleis ein del av den offentlege spesialisthelsetenesta på line med sjukehuspoliklinikkane.

Pasientar må ha tilvising frå lege for å få vurdering og behand- ling hos oss etter folketrygda sine reglar. Dette er også viktig av omsyn til kvalitet og tryggleik.

Ved tilvising frå lege tek vi imot alle pasientar med kroniske smerter for vurdering. Aktuelle problemstillingar kan vere gjennomgang og vurdering av smertestillande medisinering, injeks- jonsbehandling med lokalanestesimiddel ved nervesmerter og nakkehovudpine, kroniske ryggsmerter osb.

Akutt smerte kan vere eit viktig symptom på sjukdom. Ta kontakt med fastlege / legevaktslege i slike tilfelle, med sikte på årsaksdi- agnose og behandling på vanleg måte.

Konsultasjonshonorar er i samsvar med tariffavtale mellom Legeforeininga og Staten. Eigendelen utgjer f.t. 265 kr. Dette skal førast i eigendelskortet, og ved oppnådd frikort er konsultasjon ved smerteklinikken gratis. Pasienten har også krav på reisestøtte etter trygda sine reglar. Ved eventuell bruk av injeksjon- smedikament, må pasienten sjølv dekkje medikamentkostnaden. Dette vil vanlegvis utgjere 50 – 200 kr, det avheng av type og mengde medikament som vert nytta.

Møre Smerteklinikk held til i eigne lokale i 3.etasje, Holmen i Volda sentrum, i etasjen over Søre Sunnmøre Likningskontor. Lokala har god tilgjenge for rørslehemma og ligg tett ved den nye busshaldeplassen i sentrum av Volda.

Vi held ope for pasientar med timeavtale ein dag kvar veke, stort sett fredagar. Ta kontakt på telefon 700 55800. Dersom vi ikkje har høve til å ta telefonen når du ringjer, vil vi ringje tilbake om du legg igjen melding på telefonsvararen. Alle nytilviste pasientar vil få skriftleg timeinnkalling.

Venleg helsing dr. Rune Heggedal.

Møre Smerteklinikk AS
Dr. Rune Heggedal Spesialist i Anestesiologi
Adr. Holmen, 6100 Volda
Tlf. 700 55800