Home
 
 
HeimInformasjon til publikum og legar
 
 
Anestesiologi eller anestesilegefaget er ein medisinsk spesialitet innanfor sjukehusmedisinen. Anestesiologi har fire faglege søyler, eller hovudområde som faget har ansvar for. Det er Anestesi, Intensivmedisin, Akuttmedisin og Smertebehandling. Ordet Anestesi kjem frå gresk og tyder Utan ( An-) Kjensle ( Estesis), og peikar på at anestesi gjer det mogeleg å få utført kirurgiske inngrep utan at pasienten kjenner smerte. Kunnskapen om smertestillande medikament og dugleiken i teknikkar for meistring av smerte i samband med operasjonar, kan ofte og brukast i andre kliniske situasjonar med smerte. Dette er grunnlaget for at anestesilegar har fått ei sentral rolle i smertebehandling. Likevel er det rett å peike på at smerte er eit hovudsymptom ved svært mange ulike sjukdomar, og såleis er viktig for alle legar i klinisk praksis.

Ved Møre Smerteklinikk vil eg tilby vurdering av alle pasientar med kroniske smerter. Aktuelle problemstillingar kan vere:
Hovudpine, særleg nakkehovudpine ( Cervikogen hovudpine) der nerveblokade kan vere svært effektivt.
Andre nevrogene smertetilstandar som Herpes Zoster nevralgi, Trigeminusnevralgi, Atypiske ansiktssmerter, Nerveskadar etter traumer og kirurgi.
Kroniske / subkroniske muskelsmerter, særleg ved smerter i faste smertepunkt i nedre del av ryggen og hofter / skuldre. Bursittar / tendinittar.
Restsmerter med utstrålande karakter etter ryggkirurgi.
Polynevropatismerter.
Vurdering og behandling av smerter ved kreftsjukdom.
Vurdering av behandlingsopplegg for smertestillande medika-ment inklusive opiodbehandling for smertetilstandar som ikkje skuldast kreft.
Dette vil i tilfelle alltid skje i nært samråd med eigen lege.